Amazing race på vossavis
-
Ein spennande aktivitet som passar for alle. Amazing Race på Vossavis føregår i Voss sentrum og Prestegardsmoen, som er eit flott friluftsområde som ligg like ved sentrum. Gruppa vert delt inn i mindre lag, og kvart lag får utdelt kart saman med oppgåver og leietrådar som skal hjelpa laget med å finna dei ulike postane. Oppgåvene er varierte, og skal løysast praktisk eller teoretisk. Her vil deltakarane verta betre kjent med vossakulturen, vossamålet og vossingane på ein sosial og morosam måte. Stikkord i denne samanhengen er samarbeid, taktikk og praktisk engasjement. Etter aktiviteten samlast gruppa for ei oppsummering av resultata og premiering av det beste laget.
Hoved arenaen vår for aktivitetar er Presetgardslandet som ligg rett ved sentrum og Vangsvatnet.
-
2 - 2,5 time
-
Pr. pers. kr. 430 ( min kr. 6000 )
-
Gode sko og praktiske ute klede